mirror of
https://github.com/scratchfoundation/scratch-l10n.git
synced 2024-12-25 07:02:30 -05:00
60 lines
No EOL
8.2 KiB
JSON
60 lines
No EOL
8.2 KiB
JSON
{
|
||
"developers.hereLinkText": "her",
|
||
"developers.title": "Scratch for utviklarar",
|
||
"developers.introLinkText": "Scratch-gruppa",
|
||
"developers.intro": "Her finn du informasjon om friprog-prosjekt som er laga og vert vedlikehaldne av {introLink}, samt vårt syn på korleis ein best utformar læringsopplevingar for barn og unge.",
|
||
"developers.projectsTitle": "Prosjekt",
|
||
"developers.principlesTitle": "Prinsipp",
|
||
"developers.joinTitle": "Vert med",
|
||
"developers.donateTitle": "Gje pengegåve",
|
||
"developers.partnersTitle": "Samarbeidspartnarar",
|
||
"developers.faqTitle": "Spørsmål og svar",
|
||
"developers.projectsIntro": "Desse prosjekta er fri programvare og kan fritt brukast til alle formål:",
|
||
"developers.scratchBlocksTitle": "Scratch Blocks",
|
||
"developers.scratchBlocksIntroBlocklyLinkText": "Blockly-teknologi",
|
||
"developers.scratchBlocksIntro": "Scratch Blocks er eit nytt utviklingsprosjekt for neste generasjons grafiske programmeringsklossar, og er basert på eit samarbeid mellom Google og Scratch-gruppa ved MIT. Det byggjer på Googles {blocklyLink} og Scratch-gruppas ekspertise innan utvikling av kreative læringsverktøy for barn og unge. Scratch Blocks gjev eit rammeverk for å byggja programmeringsklossar, både i loddrette (tekstbaserte) og vassrette (ikonbaserte) format. Du finn kjeldekoden (for tida i ein tidleg versjon for utviklarar) og dokumentasjon {githubLink}.",
|
||
"developers.scratchBlocksBody": "Denne første utgåva har programkode for den vassrette ScratchJr-grammatikken. Me har planar om å utvikla denne vidare til blant anna å støtta loddrett grammatikk (brukt i Scratch), ein ny teiknemotor som støttar figurar og grafiske effektar og ein ny lydmotor som støttar lydeffektar og musikk.",
|
||
"developers.wwwTitle": "Scratch-www",
|
||
"developers.wwwIntro": "Scratch-www er ein frittståande nettbasert klient for Scratch-fellesskapet, bygd med React og Redux. Me har lagt ut kjeldekode og dokumentasjon på {wwwIntroLink}.",
|
||
"developers.LearningPrinciples": "Læringsprinsipp",
|
||
"developers.DesignPrinciples": "Designprinsipp",
|
||
"developers.principlesIntro": "Me laga Scratch for å hjelpa barn og unge å tenkja kreativt og systematisk, og å læra å arbeida saman. Me baserer oss på nokre {learningPrinciples} og {designPrinciples} som me håpar du òg vil følgja når du utviklar nye verktøy og ny teknologi med Scratch Blocks.",
|
||
"developers.jrBodyWebsiteLinkText": "ScratchJr-nettstaden",
|
||
"developers.jrBody": "ScratchJr er meint som eit første programmeringsspråk for dei yngste (5–7 år), og lèt dei laga sine eigne interaktive forteljingar og spel. Du finn meir informasjon på heimesida {websiteLink}, og kjeldekode og dokumentasjon på {githubLink}.",
|
||
"developers.learningPrinciplesProjectsBody": "Ein lærer best når ein arbeider aktivt med prosjekt – tenkjer ut nye idéar, lagar prototypar, gjer forbetringar og til slutt ferdigstiller produktet.",
|
||
"developers.learningPrinciplesPassionTitle": "Engasjement",
|
||
"developers.learningPrinciplesPassionBody": "Når ein fokuserer på noko ein bryr seg om, arbeider ein lenger og hardare, gjev seg ikkje når ein møter vanskar, og lærer meir i prosessen.",
|
||
"developers.learningPrinciplesPeersTitle": "Samarbeid",
|
||
"developers.learningPrinciplesPeersBody": "Læring blomstrar når ein er fleire og kan utveksla idéar, samarbeida på prosjekt og byggja vidare på arbeidet til kvarandre.",
|
||
"developers.learningPrinciplesPlayTitle": "Leik",
|
||
"developers.learningPrinciplesPlayBody": "Læring inneber leiken utforsking – prøva nye ting, sitja og pusla med det ein har til rådvelde, prøva ut grenser og ta sjansar, om om att.",
|
||
"developers.designPrinciplesRoomTitle": "Låg terskel og breie veggar",
|
||
"developers.designPrinciplesRoomBody": "Me legg opp til mange typar interaksjonar, med særskild vekt på å ha med element som er lette å forstå for barn og unge (ein låg terskel) men samtidig generelle nok til å kunna brukast på mange ulike måtar (breie veggar).",
|
||
"developers.designPrinciplesSimpleTitle": "Gjer det så enkelt som mogleg – og kanskje endå enklare",
|
||
"developers.designPrinciplesSimpleBody": "Det er eit press på å stadig leggja til nye funksjonar i dataprogram, men me har funne at å heller redusera talet på funksjonar ofte gjer brukaropplevinga betre. Det som først verka å vera avgrensingar, viser seg å føra til nye former for kreativitet.",
|
||
"developers.designPrinciplesGlobalTitle": "Mange løp, mange stilar",
|
||
"developers.designPrinciplesGlobalBody": "Mange realfagsaktivitetar har tradisjonelt vore formidla på måtar som passar for nokre grupper og ikkje for andre. Me arbeider målretta med å redusera denne ubalansen ved å laga teknologi som er tilgjengeleg og tiltalande for fleire.",
|
||
"developers.designPrinciplesTinkerTitle": "Laga for å tukla og eksperimentera med",
|
||
"developers.designPrinciplesTinkerBody": "Me meiner læringsprosessar i seg sjølve er iterative. Ein startar med å utforska og eksperimentera, for så å revidera og forfina både kva mål ein har og kva det er ein skapar. For å støtta ei slik interaktiv arbeidsform utformar me brukargrensesnitta våre slik at dei oppmuntrar til kjappe eksperiment og raske utviklingssyklusar.",
|
||
"developers.joinBodyJobsLinkText": "ledige stillingar",
|
||
"developers.joinBody": "Me er ei brokete samling pedagogar, designarar og ingeniørar, som arbeider saman i eit leike, kreativt miljø full av LEGO-klossar, hobbymateriell og verktøy. Me set stor pris på mangfald, samarbeid og respekt på arbeidsplassen. Viss du er interessert i verta ein av oss, sjå nærare på våre {jobsPageLink} eller send oss ein e-post på {emailLink}.",
|
||
"developers.donateIntroLinkText": "gje ei pengegåve for å støtta Scratch",
|
||
"developers.donateIntro": "Me er glade for å kunna tilby Scratch heilt gratis. Men viss du likar Scratch, kan du vurdera å {donateLink}. Me set pris på både små og store gåver.",
|
||
"developers.donateBody": "Alle pengegåver til Scratch-stiftinga vert brukte til støtta den vidare utviklinga av Scratch-programvara og Scratch-nettstaden.",
|
||
"developers.donateThanks": "Takk for at du støttar Scratch!",
|
||
"developers.partnersIntro": "Å laga og vedlikehalda denne friprog-koden hadde ikkje vore mogleg utan sjenerøs teknisk og økonomisk støtte frå samarbeidspartnarane våre:",
|
||
"developers.faqAboutTitle": "Kor kan eg læra meir om Scratch?",
|
||
"developers.faqAboutBodyLLKLinkText": "Lifelong Kindergarten",
|
||
"developers.faqAboutBodyMITLinkText": "MIT Media Lab",
|
||
"developers.faqAboutBody": "Scratch er eit gratis programmeringsspråk og nettsamfunn der barn og unge kan laga sine eigne interaktive forteljingar, spel og animasjonar. Scratch er eit prosjekt frå {llkLink} ved {mitLink}. Les meir om Scratch {aboutLink}.",
|
||
"developers.faqRulesTitle": "Finst det nokon reglar for korleis eg brukar kjeldekoden i mine eigne program?",
|
||
"developers.faqRulesBody": "Du kan bruka kjeldekoden i samsvar med lisensvilkåra som følgjer med kvart prosjekt. Me vil òg sterkt rå deg til å ta omsyn til lærings- og designprinsippa våre (sjå ovanfor) når du skapar kreative læringsprosessar for barn og unge i alle aldrar.",
|
||
"developers.faqNameTitle": "Kan eg bruka namnet «Scratch Blocks» i programskildringa mi og i annan omtale av det eg lagar?",
|
||
"developers.faqNameBody": "Viss du ønskjer, kan du oppgje at programmet ditt er bygd på Scratch Blocks. Viss du gjer dette, håpar me du òg vil lenkja tilbake til kjeldekoden vår.",
|
||
"developers.faqReleasesTitle": "Kjem de til å gje ut meir kjeldekode, eventuelt når?",
|
||
"developers.faqReleasesBody": "Me har planar om å gje ut meir Scratch-kjeldekode som fri programvare dei neste månadane. Følg med på denne sida!",
|
||
"developers.faqDifferencesTitle": "Kva er forskjellen på Blockly og Scratch Blocks?",
|
||
"developers.faqDifferencesBody": "Scratch Blocks byggjer på Blockly-kodebasen og er særskild utforma frå prinsippa våre for å støtta kreative læringsprosessar.",
|
||
"developers.faqCollabTitle": "Eg vil gjerne samarbeida med dykk. Korleis tek eg kontakt?",
|
||
"developers.faqCollabBody": "Du kan kontakta oss på {githubLink} eller via sida {contactUsLink}. Me ser fram til å høyra frå deg!"
|
||
} |