"onePointFour.introNote":"{noteLabel} Prosjekt laga med versjon 1.4 kan leggjast ut på Scratch-sidene, men prosjekt laga i nyare versjonar kan ikkje opnast i versjon1.4.",
"onePointFour.resourcesA":"Du finn ei enkel steg-for-steg-innføring i {gettingStartedGuide}. Brukarhandboka {referenceGuide} inneheld ei grundig forklaring av brukargrensesnittet og programmeringsspråket i Scratch. {scratchCards} viser enkle og nyttige tips for å laga animasjonar og interaktive program.",
"onePointFour.requirementsQ":"Kva datamaskinkrav har Scratch1.4?",
"onePointFour.requirementsDisplay":"Skjermoppløysing: minst 800 × 480, med tusen eller millionar av fargar (minst 16-bits fargedjupn)",
"onePointFour.requirementsOS":"Operativsystem: Windows 2000 eller nyare, Mac OS X 10.4–10.14, Ubuntu Linux 9.04 eller nyare (for andre versjonar av Linux, sjå sida for Linux-installering)",
"onePointFour.requirementsDisk":"Diskplass: minst 120 megabyte ledig plass for å installera Scratch.",
"onePointFour.requirementsCPUMemory":"Prosessor og minne: Dei fleste datamaskiner kan køyra Scratch, men det kan gå tregt på veldig gamle maskiner.",
"onePointFour.requirementsSoundVideo":"Lyd og video: Du treng høgtalarar eller hovudtelefonar for å høyra lydar frå Scratch, samt ein mikrofon for å spela inn lydar. Mange berbare maskiner har høgtalar og mikrofon innebygd. Scratch1.4 kan bruka nettkamera viss du har.",
"onePointFour.errorQ":"Eg får ei feilmelding når eg lastar opp eller legg ut programmet mitt på nettet. Kva skal eg gjera?",
"onePointFour.errorFileTooBig":"Fila er for stor. Du kan ikkje leggja ut filer som er større enn 10MB. Du kan gjera fila mindre ved å trykka på «Rediger»-menyen og velja komprimering av lydar eller bilete. Viss fila enno er for stor, kan du prøva å sletta nokre lydar for å gjera ho mindre.",
"onePointFour.errorInternet":"Internett-sambandet er for tregt og vert tidsavbrote. Prøv å gjera fila mindre. Viss det ikkje verkar, prøv ei anna maskin, eit anna nettsamband eller ein annan nettlesar.",
"onePointFour.errorProxy":"Mellomtenaren blokkerer sambandet. Prøv eit nettsamband som ikkje brukar nokon mellomtenar, eller set opp Scratch for å verka med mellomtenaren.",
"onePointFour.errorLogin":"Feil brukarnamn eller passord. Prøv å logga deg inn på nettsida til Scratch for å sjekka at du brukar rett brukarnamn og passord."