"developers.intro":"Her finn du informasjon om friprog-prosjekt som er laga og vert vedlikehaldne av {introLink}, samt vårt syn på korleis ein best utformar læringsopplevingar for barn og unge.",
"developers.projectsTitle":"Prosjekt",
"developers.principlesTitle":"Prinsipp",
"developers.joinTitle":"Vert med",
"developers.donateTitle":"Gje pengegåve",
"developers.partnersTitle":"Samarbeidspartnarar",
"developers.faqTitle":"Spørsmål og svar",
"developers.projectsIntro":"Desse prosjekta er fri programvare og kan fritt brukast til alle formål:",
"developers.scratchBlocksIntro":"Scratch Blocks er eit nytt utviklingsprosjekt for neste generasjons grafiske programmeringsklossar, og er basert på eit samarbeid mellom Google og Scratch-gruppa ved MIT. Det byggjer på Googles {blocklyLink} og Scratch-gruppas ekspertise innan utvikling av kreative læringsverktøy for barn og unge. Scratch Blocks gjev eit rammeverk for å byggja programmeringsklossar, både i loddrette (tekstbaserte) og vassrette (ikonbaserte) format. Du finn kjeldekoden (for tida i ein tidleg versjon for utviklarar) og dokumentasjon {githubLink}.",
"developers.scratchBlocksBody":"Denne første utgåva har programkode for den vassrette ScratchJr-grammatikken. Me har planar om å utvikla denne vidare til blant anna å støtta loddrett grammatikk (brukt i Scratch), ein ny teiknemotor som støttar figurar og grafiske effektar og ein ny lydmotor som støttar lydeffektar og musikk.",
"developers.wwwTitle":"Scratch-www",
"developers.wwwIntro":"Scratch-www er ein frittståande nettbasert klient for Scratch-fellesskapet, bygd med React og Redux. Me har lagt ut kjeldekode og dokumentasjon på {wwwIntroLink}.",
"developers.principlesIntro":"Me laga Scratch for å hjelpa barn og unge å tenkja kreativt og systematisk, og å læra å arbeida saman. Me baserer oss på nokre {learningPrinciples} og {designPrinciples} som me håpar du òg vil følgja når du utviklar nye verktøy og ny teknologi med Scratch Blocks.",
"developers.jrBody":"ScratchJr er meint som eit første programmeringsspråk for dei yngste (5–7 år), og lèt dei laga sine eigne interaktive forteljingar og spel. Du finn meir informasjon på heimesida {websiteLink}, og kjeldekode og dokumentasjon på {githubLink}.",
"developers.learningPrinciplesProjectsBody":"Ein lærer best når ein arbeider aktivt med prosjekt– tenkjer ut nye idéar, lagar prototypar, gjer forbetringar og til slutt ferdigstiller produktet.",
"developers.learningPrinciplesPassionBody":"Når ein fokuserer på noko ein bryr seg om, arbeider ein lenger og hardare, gjev seg ikkje når ein møter vanskar, og lærer meir i prosessen.",
"developers.learningPrinciplesPeersBody":"Læring blomstrar når ein er fleire og kan utveksla idéar, samarbeida på prosjekt og byggja vidare på arbeidet til kvarandre.",
"developers.learningPrinciplesPlayTitle":"Leik",
"developers.learningPrinciplesPlayBody":"Læring inneber leiken utforsking– prøva nye ting, sitja og pusla med det ein har til rådvelde, prøva ut grenser og ta sjansar, om om att.",
"developers.designPrinciplesRoomTitle":"Låg terskel og breie veggar",
"developers.designPrinciplesRoomBody":"Me legg opp til mange typar interaksjonar, med særskild vekt på å ha med element som er lette å forstå for barn og unge (ein låg terskel) men samtidig generelle nok til å kunna brukast på mange ulike måtar (breie veggar).",
"developers.designPrinciplesSimpleTitle":"Gjer det så enkelt som mogleg– og kanskje endå enklare",
"developers.designPrinciplesSimpleBody":"Det er eit press på å stadig leggja til nye funksjonar i dataprogram, men me har funne at å heller redusera talet på funksjonar ofte gjer brukaropplevinga betre. Det som først verka å vera avgrensingar, viser seg å føra til nye former for kreativitet.",
"developers.designPrinciplesGlobalBody":"Mange realfagsaktivitetar har tradisjonelt vore formidla på måtar som passar for nokre grupper og ikkje for andre. Me arbeider målretta med å redusera denne ubalansen ved å laga teknologi som er tilgjengeleg og tiltalande for fleire.",
"developers.designPrinciplesTinkerTitle":"Laga for å tukla og eksperimentera med",
"developers.designPrinciplesTinkerBody":"Me meiner læringsprosessar i seg sjølve er iterative. Ein startar med å utforska og eksperimentera, for så å revidera og forfina både kva mål ein har og kva det er ein skapar. For å støtta ei slik interaktiv arbeidsform utformar me brukargrensesnitta våre slik at dei oppmuntrar til kjappe eksperiment og raske utviklingssyklusar.",
"developers.joinBody":"Me er ei brokete samling pedagogar, designarar og ingeniørar, som arbeider saman i eit leike, kreativt miljø full av LEGO-klossar, hobbymateriell og verktøy. Me set stor pris på mangfald, samarbeid og respekt på arbeidsplassen. Viss du er interessert i verta ein av oss, sjå nærare på våre {jobsPageLink} eller send oss ein e-post på {emailLink}.",
"developers.donateIntroLinkText":"gje ei pengegåve for å støtta Scratch",
"developers.donateIntro":"Me er glade for å kunna tilby Scratch heilt gratis. Men viss du likar Scratch, kan du vurdera å {donateLink}. Me set pris på både små og store gåver.",
"developers.donateBody":"Alle pengegåver til Scratch-stiftinga vert brukte til støtta den vidare utviklinga av Scratch-programvara og Scratch-nettstaden.",
"developers.donateThanks":"Takk for at du støttar Scratch!",
"developers.partnersIntro":"Å laga og vedlikehalda denne friprog-koden hadde ikkje vore mogleg utan sjenerøs teknisk og økonomisk støtte frå samarbeidspartnarane våre:",
"developers.faqAboutTitle":"Kor kan eg læra meir om Scratch?",
"developers.faqAboutBodyMITLinkText":"MIT Media Lab",
"developers.faqAboutBody":"Scratch er eit gratis programmeringsspråk og nettsamfunn der barn og unge kan laga sine eigne interaktive forteljingar, spel og animasjonar. Scratch er eit prosjekt frå {llkLink} ved {mitLink}. Les meir om Scratch {aboutLink}.",
"developers.faqRulesTitle":"Finst det nokon reglar for korleis eg brukar kjeldekoden i mine eigne program?",
"developers.faqRulesBody":"Du kan bruka kjeldekoden i samsvar med lisensvilkåra som følgjer med kvart prosjekt. Me vil òg sterkt rå deg til å ta omsyn til lærings- og designprinsippa våre (sjå ovanfor) når du skapar kreative læringsprosessar for barn og unge i alle aldrar.",
"developers.faqNameTitle":"Kan eg bruka namnet «Scratch Blocks» i programskildringa mi og i annan omtale av det eg lagar?",
"developers.faqNameBody":"Viss du ønskjer, kan du oppgje at programmet ditt er bygd på Scratch Blocks. Viss du gjer dette, håpar me du òg vil lenkja tilbake til kjeldekoden vår.",
"developers.faqReleasesTitle":"Kjem de til å gje ut meir kjeldekode, eventuelt når?",
"developers.faqReleasesBody":"Me har planar om å gje ut meir Scratch-kjeldekode som fri programvare dei neste månadane. Følg med på denne sida!",
"developers.faqDifferencesTitle":"Kva er forskjellen på Blockly og Scratch Blocks?",
"developers.faqDifferencesBody":"Scratch Blocks byggjer på Blockly-kodebasen og er særskild utforma frå prinsippa våre for å støtta kreative læringsprosessar.",
"developers.faqCollabTitle":"Eg vil gjerne samarbeida med dykk. Korleis tek eg kontakt?",