"about.introOne":"Med Scratch kan du programmera dine eigne interaktive forteljingar, spel og animasjonar– og dela det du har skapt med andre på nettet.",
"about.introTwo":"Scratch lærer barn og unge å vera kreative, tenkja systematisk og samarbeida med andre – viktige ferdigheiter i det 21.hundreåret.",
"about.whoUsesScratchDescription":"Scratch er laga for ungar frå 8 til 16 år, men kan brukast av alle. Millionar av folk lagar Scratch-prosjekt i mange slag samanhengar, for eksempel heime, på skulen, på bibliotek og i fritidsklubbar.",
"about.aroundTheWorldDescription":"Scratch er omsett til over 40 språk og vert brukt i meir enn {languageCount} land. Du kan velja språk med menyen nedst på sida, eller ved å trykkja på globusen mens du redigerer eit prosjekt. Viss du vil leggja til ei ny omsetjing, sjå {translationLink}.",
"about.quotesDescription":"Mange barn, ungdommar, foreldre og lærarar har sendt oss e-post og takka for Scratch. Her er nokre {quotesLink} frå meldingar me har fått. ",
"about.literacy":"Lær programmering, og programmer for å læra",
"about.literacyDescription":"Å kunna programmera er viktig i samfunnet vårt i dag. Dei som lærer programmering med Scratch, lærer samtidig strategiar for problemløysing, design og formidling av idéar.",
"about.schoolsDescription":"Scratch vert brukt i undervising på alle nivå (frå barneskule til universitet) og i mange fagfelt (for eksempel matematikk, informatikk, språk og humaniora). Lærarar som brukar Scratch møter kvarandre for å utveksla erfaringar og lærestoff på {scratchedLink}.",
"about.researchDescription":"Me som lagar Scratch, og samarbeidspartnarane våre, forskar på korleis folk brukar og lærer med Scratch (sjå {spfaLink}). Du kan lesa meir om {researchLink} og {statisticsLink}.",
"about.supportDescription":"Scratch-prosjektet har fått økonomisk støtte frå: {supportersList}. Sjå {creditsLink} for meir informasjon. Viss du er interessert i å støtta Scratch, sjå {donateLink}, eller send ein e-post til {donateemail}.",