scratch-l10n/www/scratch-website.developers-l10njson/nn.json

60 lines
No EOL
8.2 KiB
JSON
Raw Blame History

This file contains invisible Unicode characters

This file contains invisible Unicode characters that are indistinguishable to humans but may be processed differently by a computer. If you think that this is intentional, you can safely ignore this warning. Use the Escape button to reveal them.

This file contains Unicode characters that might be confused with other characters. If you think that this is intentional, you can safely ignore this warning. Use the Escape button to reveal them.

{
"developers.hereLinkText": "her",
"developers.title": "Scratch for utviklarar",
"developers.introLinkText": "Scratch-gruppa ved MIT",
"developers.intro": "Her finn du informasjon om friprog-prosjekt som er laga og vert vedlikehaldne av {introLink}, samt vårt syn på korleis ein best utformar læringsopplevingar for barn og unge.",
"developers.projectsTitle": "Prosjekt",
"developers.principlesTitle": "Prinsipp",
"developers.joinTitle": "Vert med",
"developers.donateTitle": "Gje pengegåve",
"developers.partnersTitle": "Samarbeidspartnarar",
"developers.faqTitle": "Spørsmål og svar",
"developers.projectsIntro": "Desse prosjekta er fri programvare og kan fritt brukast til alle formål:",
"developers.scratchBlocksTitle": "Scratch Blocks",
"developers.scratchBlocksIntroBlocklyLinkText": "Blockly-teknologi",
"developers.scratchBlocksIntro": "Scratch Blocks er eit nytt utviklingsprosjekt for neste generasjons grafiske programmeringsklossar, og er basert på eit samarbeid mellom Google og Scratch-gruppa ved MIT. Det byggjer på Googles {blocklyLink} og Scratch-gruppas ekspertise innan utvikling av kreative læringsverktøy for barn og unge. Scratch Blocks gjev eit rammeverk for å byggja programmeringsklossar, både i loddrette (tekstbaserte) og vassrette (ikonbaserte) format. Du finn kjeldekoden (for tida i ein tidleg versjon for utviklarar) og dokumentasjon {githubLink}.",
"developers.scratchBlocksBody": "Denne første utgåva har programkode for den vassrette ScratchJr-grammatikken. Me har planar om å utvikla denne vidare til blant anna å støtta loddrett grammatikk (brukt i Scratch), ein ny teiknemotor som støttar figurar og grafiske effektar og ein ny lydmotor som støttar lydeffektar og musikk.",
"developers.wwwTitle": "Scratch-www",
"developers.wwwIntro": "Scratch-www er ein frittståande nettbasert klient for Scratch-fellesskapet, bygd med React og Redux. Me har lagt ut kjeldekode og dokumentasjon på {wwwIntroLink}.",
"developers.LearningPrinciples": "Læringsprinsipp",
"developers.DesignPrinciples": "Designprinsipp",
"developers.principlesIntro": "Me laga Scratch for å hjelpa barn og unge å tenkja kreativt og systematisk, og å læra å arbeida saman. Me baserer oss på nokre {learningPrinciples} og {designPrinciples} som me håpar du òg vil følgja når du utviklar nye verktøy og ny teknologi med Scratch Blocks.",
"developers.jrBodyWebsiteLinkText": "ScratchJr-nettstaden",
"developers.jrBody": "ScratchJr er meint som eit første programmeringsspråk for dei yngste (57 år), og lèt dei laga sine eigne interaktive forteljingar og spel. Du finn meir informasjon på heimesida {websiteLink}, og kjeldekode og dokumentasjon på {githubLink}.",
"developers.learningPrinciplesProjectsBody": "Ein lærer best når ein arbeider aktivt med prosjekt  tenkjer ut nye idéar, lagar prototypar, gjer forbetringar og til slutt ferdigstiller produktet.",
"developers.learningPrinciplesPassionTitle": "Engasjement",
"developers.learningPrinciplesPassionBody": "Når ein fokuserer på noko ein bryr seg om, arbeider ein lenger og hardare, gjev seg ikkje når ein møter vanskar, og lærer meir i prosessen.",
"developers.learningPrinciplesPeersTitle": "Samarbeid",
"developers.learningPrinciplesPeersBody": "Læring blomstrar når ein er fleire og kan utveksla idéar, samarbeida på prosjekt og byggja vidare på arbeidet til kvarandre.",
"developers.learningPrinciplesPlayTitle": "Leik",
"developers.learningPrinciplesPlayBody": "Læring inneber leiken utforsking  prøva nye ting, sitja og pusla med det ein har til rådvelde, prøva ut grenser og ta sjansar, om om att.",
"developers.designPrinciplesRoomTitle": "Låg terskel og breie veggar",
"developers.designPrinciplesRoomBody": "Me legg opp til mange typar interaksjonar, med særskild vekt på å ha med element som er lette å forstå for barn og unge (ein låg terskel) men samtidig generelle nok til å kunna brukast på mange ulike måtar (breie veggar).",
"developers.designPrinciplesSimpleTitle": "Gjer det så enkelt som mogleg  og kanskje endå enklare",
"developers.designPrinciplesSimpleBody": "Det er eit press på å stadig leggja til nye funksjonar i dataprogram, men me har funne at å heller redusera talet på funksjonar ofte gjer brukaropplevinga betre. Det som først verka å vera avgrensingar, viser seg å føra til nye former for kreativitet.",
"developers.designPrinciplesGlobalTitle": "Mange løp, mange stilar",
"developers.designPrinciplesGlobalBody": "Mange realfagsaktivitetar har tradisjonelt vore formidla på måtar som passar for nokre grupper og ikkje for andre. Me arbeider målretta med å redusera denne ubalansen ved å laga teknologi som er tilgjengeleg og tiltalande for fleire.",
"developers.designPrinciplesTinkerTitle": "Laga for å tukla og eksperimentera med",
"developers.designPrinciplesTinkerBody": "Me meiner læringsprosessar i seg sjølve er iterative. Ein startar med å utforska og eksperimentera, for så å revidera og forfina både kva mål ein har og kva det er ein skapar. For å støtta ei slik interaktiv arbeidsform utformar me brukargrensesnitta våre slik at dei oppmuntrar til kjappe eksperiment og raske utviklingssyklusar.",
"developers.joinBodyJobsLinkText": "ledige stillingar",
"developers.joinBody": "Me er ei brokete samling pedagogar, designarar og ingeniørar, som arbeider saman i eit leike, kreativt miljø full av LEGO-klossar, hobbymateriell og verktøy. Me set stor pris på mangfald, samarbeid og respekt på arbeidsplassen. Viss du er interessert i verta ein av oss, sjå nærare på våre {jobsPageLink} eller send oss ein e-post på {emailLink}.",
"developers.donateIntroLinkText": "gje ei pengegåve for å støtta Scratch",
"developers.donateIntro": "Me er glade for å kunna tilby Scratch heilt gratis. Men viss du likar Scratch, kan du vurdera å {donateLink}. Me set pris på både små og store gåver.",
"developers.donateBody": "Alle pengegåver til Scratch-stiftinga vert brukte til støtta den vidare utviklinga av Scratch-programvara og Scratch-nettstaden.",
"developers.donateThanks": "Takk for at du støttar Scratch!",
"developers.partnersIntro": "Å laga og vedlikehalda denne friprog-koden hadde ikkje vore mogleg utan sjenerøs teknisk og økonomisk støtte frå samarbeidspartnarane våre:",
"developers.faqAboutTitle": "Kor kan eg læra meir om Scratch?",
"developers.faqAboutBodyLLKLinkText": "Lifelong Kindergarten",
"developers.faqAboutBodyMITLinkText": "MIT Media Lab",
"developers.faqAboutBody": "Scratch er eit gratis programmeringsspråk og nettsamfunn der barn og unge kan laga sine eigne interaktive forteljingar, spel og animasjonar. Scratch er eit prosjekt frå {llkLink} ved {mitLink}. Les meir om Scratch {aboutLink}.",
"developers.faqRulesTitle": "Finst det nokon reglar for korleis eg brukar kjeldekoden i mine eigne program?",
"developers.faqRulesBody": "Du kan bruka kjeldekoden i samsvar med lisensvilkåra som følgjer med kvart prosjekt. Me vil òg sterkt rå deg til å ta omsyn til lærings- og designprinsippa våre (sjå ovanfor) når du skapar kreative læringsprosessar for barn og unge i alle aldrar.",
"developers.faqNameTitle": "Kan eg bruka namnet «Scratch Blocks» i programskildringa mi og i annan omtale av det eg lagar?",
"developers.faqNameBody": "Viss du ønskjer, kan du oppgje at programmet ditt er bygd på Scratch Blocks. Viss du gjer dette, håpar me du òg vil lenkja tilbake til kjeldekoden vår.",
"developers.faqReleasesTitle": "Kjem de til å gje ut meir kjeldekode, eventuelt når?",
"developers.faqReleasesBody": "Me har planar om å gje ut meir Scratch-kjeldekode som fri programvare dei neste månadane. Følg med på denne sida!",
"developers.faqDifferencesTitle": "Kva er forskjellen på Blockly og Scratch Blocks?",
"developers.faqDifferencesBody": "Scratch Blocks byggjer på Blockly-kodebasen og er særskild utforma frå prinsippa våre for å støtta kreative læringsprosessar.",
"developers.faqCollabTitle": "Eg vil gjerne samarbeida med dykk. Korleis tek eg kontakt?",
"developers.faqCollabBody": "Du kan kontakta oss på {githubLink} eller via ein e-post til {emailLink}. Me ser fram til å høyra frå deg!"
}