{ "guidelines.title": "Retningslinjer for nettstaden", "guidelines.header": "Alle må bidra til at Scratch-nettstaden vert ein hyggjeleg og kreativ møteplass, der folk kan kjenna seg velkomne uansett bakgrunn og interesser.", "guidelines.respectheader": "Vis respekt.", "guidelines.respectbody": "Når du legg ut prosjekt eller kommentarar, hugs at folk med ulike bakgrunnar og i alle aldrar vil sjå det du har lagt ut.", "guidelines.constructiveheader": "Ver konstruktiv.", "guidelines.constructivebody": "Når du kommenterer på prosjekta til andre, hugs å seia kva du synest er bra med dei, og kom gjerne med forslag.", "guidelines.shareheader": "Del med andre.", "guidelines.sharebody": "Du kan gjerne remiksa prosjekt, idéar og alt anna du finn her – og alle andre kan bruka det du legg ut. Når du remiksar, hugs å fortelja kven som har laga det du brukar.", "guidelines.privacyheader": "Hald personleg informasjon utanfor.", "guidelines.privacybody": "Av tryggleiksgrunnar bør du ikkje leggja ut informasjon som kan brukast til privat kommunikasjon, for eksempel etternamn, telefonnummer, adresser, e-postadresser eller lenkjer til pratesider eller sider på sosiale medium.", "guidelines.honestyheader": "Ver ærleg.", "guidelines.honestybody": "Ikkje prøv å utgje deg for å vera andre scratcharar, spreia rykte eller på andre måtar å lura nettsamfunnet.", "guidelines.friendlyheader": "Hald ein vennleg tone.", "guidelines.friendlybody": "Viss du synest at eit prosjekt eller ein kommentar er slem, upassande, støytande eller for valdeleg, trykk «Rapporter» for å melda frå til oss.", "guidelines.footer": "Alle er velkomne til Scratch – uansett rase, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell legning eller kjønnsidentitet." }