{ "dmca.intro": "Forskingsgruppa The Lifelong Kindergarten respekterer intellektuell eigedom til andre og til våre brukarar. Viss du meiner verket ditt har blitt kopiert på ein måte som er i strid med opphavsrettane dine, send ein e-post til copyright@scratch.mit.edu eller til denne adressa:", "dmca.llkresponse": "Lifelong Kindergarten-gruppa vil då snarleg undersøkja om det er gjort brot på opphavsretten, og vil utføra nødvendige tiltak under Digital Millennium Copyright Act («DMCA») og andre åndsverklover. Ved mottak av DMCA-varslingar kan Lifelong Kindergarten-gruppa umiddelbart fjerna materiale eller tilgang til materiale som er påstått å vera i brot med lovverket. Gjentatte brot på andres opphavsrett kan medføra at brukaren mistar brukarkontoen sin.", "dmca.assessment": "Når du vurderer om ein Scratch-brukar har misbruka åndsverket ditt, hugs Scratch er ei pedagogisk-idealistisk satsing for å hjelpa ungar å læra, ved å gje dei verktøya dei treng for å uttrykkja seg med digital teknologi. Hugs òg på «fair use»-doktrinen i den amerikanske Copyright Act of 1976, 17 U.S.C. § 107.", "dmca.eyetoeye": "Me håpar at du òg ser på Scratch ikkje berre som ein god måte å la andre verta kjende med det du har laga / nettstaden din, men òg som eit høve til å bidra til læring for ungar.", "dmca.afterfiling": "Viss du kjem med eit klagemål for brot på opphavsrettane dine, merk at me kan offentleggjera klagemålet ditt, med personinformasjon fjerna, til ein nettstad som chillingeffects.org. Merk òg at du kan verta ansvarleg for skadeerstatning (herunder advokatutgifter og andre kostnadar) dersom du feilaktig påstår at ein aktivitet er brot på opphavsrettane dine." }