{ "about.introOne": "Med Scratch kan du programmera dine eigne interaktive forteljingar, spel og animasjonar – og dela det du har skapt med andre på nettet.", "about.introTwo": "Scratch lærer barn og unge å vera kreative, tenkja systematisk og samarbeida med andre – viktige ferdigheiter i det 21. hundreåret.", "about.introThree": "Scratch er laga av «Lifelong Kindergarten»-gruppa ved MIT Media Lab i USA. Scratch er heilt gratis.", "about.introParents": "For foreldre", "about.introEducators": "For lærarar", "about.whoUsesScratch": "Kven brukar Scratch?", "about.whoUsesScratchDescription": "Scratch er laga for ungar frå 8 til 16 år, men kan brukast av alle. Millionar av folk lagar Scratch-prosjekt i mange slag samanhengar, for eksempel heime, på skulen, på bibliotek og i fritidsklubbar.", "about.aroundTheWorld": "I heile verda", "about.aroundTheWorldDescription": "Scratch er omsett til over 40 språk og vert brukt i meir enn 150 land. Du kan velja språk med menyen nedst på sida, eller ved å trykkja på globusen mens du redigerer eit prosjekt. Viss du vil leggja til ei ny omsetjing, sjå {translationLink}.", "about.translationLinkText": "omsetjingssida vår", "about.quotes": "Sitat", "about.quotesDescription": "Mange barn, ungdommar, foreldre og lærarar har sendt oss e-post og takka for Scratch. Her er nokre {quotesLink} frå meldingar me har fått. ", "about.quotesLinkText": "sitat", "about.learnMore": "Lær meir om Scratch", "about.learnMoreHelp": "Tipsside", "about.learnMoreFaq": "Spørsmål og svar (FAQ)", "about.learnMoreParents": "For foreldre", "about.learnMoreCredits": "Bidragsytarar", "about.literacy": "Lær programmering, og programmer for å læra", "about.literacyDescription": "Å kunna programmera er viktig i samfunnet vårt i dag. Dei som lærer programmering med Scratch, lærer samtidig strategiar for problemløysing, design og formidling av idéar.", "about.schools": "Scratch i skulen", "about.schoolsDescription": "Scratch vert brukt i undervising på alle nivå (frå barneskule til universitet) og i mange fagfelt (for eksempel matematikk, informatikk, språk og humaniora). Lærarar som brukar Scratch møter kvarandre for å utveksla erfaringar og lærestoff på {scratchedLink}.", "about.scratchedLinkText": "ScratchEd-nettstaden", "about.research": "Forsking", "about.researchDescription": "Me som lagar Scratch, og samarbeidspartnarane våre, forskar på korleis folk brukar og lærer med Scratch (sjå {spfaLink}). Du kan lesa meir om {researchLink} og {statisticsLink}.", "about.spfaLinkText": "Scratch: Programmering for alle", "about.researchLinkText": "forsking på Scratch", "about.statisticsLinkText": "statistikk om Scratch", "about.support": "Støtte og finansiering", "about.supportDescription": "Scratch-prosjektet har fått økonomisk støtte frå: {supportersList}. Sjå {creditsLink} for meir informasjon. Viss du er interessert i å støtta Scratch, sjå {donateLink}, eller send ein e-post til {donateemail}.", "about.donateLinkText": "pengegåvesida vår", "about.creditsLinkText": "oversikta over bidragsytarar" }